Tor Magne tok i mot 35 deltakarar i kveld. Ingen nykomarar i dag. Tor Magne baud på lang, god og grundig oppvarming, og etter litt villeiande stivalg frå underteikna (Erlend) i skogen, kom alle seg gjennom den nye utvida 8-talsvarianten, som Einar og Øyvind kvar for seg har utarbeidd. Vi klarte å leie alle på rett spor når alvoret byrja med ein fin pyramidevariant med 1-2-3-1-2-3-1min og 30sek-30sek-1min-30s-30s-1min pause mellom draga. Deltakarane vart så gjeta ned på friidrettsbana der fleire runder med funksjonell styrke venta. Vi vonar alle fekk køyrt seg godt i kveld og. -Topp stemning! Vi ynskjer alle velkomne til debut-økta for betalt NMT på Tysdag 4. september med Jørgen og Eigil.
-Tor Magne & Erlend-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar