mandag 27. august 2012

Birkebeinerrittet 2012 vart ei smertefull oppleving.

[caption id="attachment_1329" align="alignnone" width="300"] Eit bilete seier meir enn tusen ord.. Skrikande i kramper etter målpassering vart eg eit lett bytte for NRK Hedmark/Oppland..[/caption]

Årets Birkebeinerritt vart ei manndomsprøve utanom det vanlege for underteikna. Alt låg til rette for ei god tid, trudde eg. Veret vart fint, det var tørt, ikkje for kaldt, eg hadde etter måten trent bra i sommar, og hadde persa med 15 minutt på Grenserittet for tre veker sidan.

Eg hadde lagt opp eit skjema til under 3:30, og brukt "mellomtidskalkulatoren" på Birkebeinersidene, synest det såg ambisiøst ut med tanke på åpningstempo til Skramstad, men her er det berre å peise på, tenkte eg.. Eg hadde fylt opp næringslagra i kroppen med både vått og tørt,  pasta dagen før, havregrynsgraut til frukost, to brødskiver på veg til Rena.  I år kjøpte eg til og med "full pakke" frå Enivit Sportsernæring med diverse gel, sportsdrikk, "carb pre-loader" og gud veit kva. Endog til det selgaren kalla "krampeforsikring", kjøpte eg. "Krampeforsikring", -jaggu sa eg smør!

Kom litt seint til oppstilling i pulja mi og hamna litt bak i starten, var veldig offensiv og jobba meg langt fram i pulja etter start. Blei veldig masete, og kjende at dette var eigentleg ei svært tøff opning, for meg, endå eg låg "bak skjema". Første tendensar til krampe i leggen allereie ned mot Djuposet. "Det går nok over i gå-partiet", tenkte eg.

Men etter omlag tre mil skjønte eg at dette blir ikkje betre, det krampa seg meir og meir, først  framside høgre lår. Måtte ned og ned i fart, alle sykla frå meg, og dei som tok meg att, greidde eg ikkje å henge på utan at det låste seg heilt. Når eg så skulle prøve å riste litt laus i ein slak nedoverbakke etter rundt fire mil, vart det bom stopp og eg måtte velte meg av sykkelen og prøve å tøye ut det verste i fem minutt. No var alt om tid gløymt, og det galdt å kome seg til mål.

Kvarstad-Storåsen blei eit endelaust slit der den eine bakenden større enn den andre susa forbi meg. Eg var i grunn fast bestemt på at dette er siste gong eg syklar Birken. Frå Storåsen og til mål er det rett nok mykje nedover, men også nokre bakkar, og tildels litt rufsete underlag ein del stader. Ein fem-seks km før mål stod eg igjen tvikroka og skreik i kramper, då ein lattermild, men venlegsinna publikummar kom bort og hjelpte meg på sykkelen igjen og skubba meg i fart. Jaudå, Birken er stas!

Eg trilla over mål etter 3 timar og 46 minutt , og kan med handa på hjartet seie at dette er den verste seig-pining eg har vore bort i. Eg føler eg fekk testa hovudet og viljen litt, og det er jo greit, det og..

No får vi håpe på eit godt treningsår saman i NMT, så får vi sjå om ikkje det blir Birken til neste år og. Det er for gale å gje seg med ei slik oppleving.

Helsing "ein slagen mann"

 

5 kommentarer:

  1. Du hadde sannelig ikke dagen, noen ganger kan det bli slik. Men kanskje ny sportsernæring ikke hjalp til akkurat? Trent mann som deg skal ikke få kramper.

    SvarSlett
  2. Men kjære vene...men klar igjen neste år. Tøff er du og med en imponerende vilje. Formen din er det i hvertfall ingenting å si på....men krampe er noe dritt. Rittet er utrolig bra skildret i historien din over og man kan lett se deg slite i det folk suser forbi...som du selv skriver "eine bakenden større enn den andre susa forbi meg"... Neste år Erlend, neste år:) Uansett, bra innsats!

    SvarSlett
  3. Da er det å reise seg opp og stille seg selv spørsmålet:

    VIL jeg evne å sykle Birken på under 3:30 i 2013?

    JA!

    Du kan gratulere viljen med jobben mot å evne måloppnåelse i 2013.

    SvarSlett
  4. Erlend Eimhjellen27. august 2012 kl. 14:19

    Jau, takk, Tommy! Får satse på grovbrød med nugatti og vatten, min ellers faste tur-proviant! Nei, eg skjønar i grunn ikkje heilt at det skulle gå so gale.. Men ellers takk!! :-)

    SvarSlett
  5. Hehe, underholdende lesning dette her Erlend! Takk for din ærlighet!
    Tom

    SvarSlett