lørdag 16. november 2013

NMT på laurdag 16. november 2013

Økt# 293! 10 pluss-grader, 22 motiverte og positive deltakarar i herleg harmoni rundt idylliske Brønnøya ein laurdags morgon midt i november er sjeldan kost!

Laurdagsøktene har som mål å alltid vere over 10km totalt, i løpet av 90 min. I dag la vi inn lett uthaldande styrke med fokus på stabilitet mage/rygg på Pilodden. Så la vi inn 5x2min bakke-løp der det var rom for å presse seg litt, for dei som ønskte, og hadde behov for det. Etter litt round & about på sør-austre del av Brønnøya, fekk vi lagt inn ein liten sesjon med høge kneløft og harehopp i motbakke, før vi jogga roleg attende til idrettsanlegget. I og med ulik tilbakelagt distanse på intervallen, låg total distanse mellom 10 og 12 km for deltakarane. Praten gjekk om laust og fast, turen var prega av humør og latter. Som han sa, mannen: "Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur!"

Takk for i dag, og vel møtt til ny økt tysdag med Carl Fredrik & Jørgen.

-Espen & Erlend-


2 kommentarer:

  1. Disse NMTérne er noen skikkelig hyggelig mennesker å bli kjent med!

    SvarSlett
  2. Ja, ikkje sant? :-)

    SvarSlett